torsdag 12. juli 2012

Bye Mzungu!

På indisk restaurant

På mandag var me klare for seminar! Men først gjekk me ein tur til det knall lilla Strømmestiftelsen-bygget, som huser nasjonalkontoret til CHRISC Uganda. Me var der kl. 8, og deltok på andakten som dei tydeligvis har kvar mandags morgon. Det var allsong, andakt, bønn og presentasjon av oss mzunguar (kvite), og me fekk ei innføring i Strømmestiftelsen sitt arbeid i Afrika. Me hadde planar om å blogge litt, men då internettet svikta på bygget den dagen, gjekk me attende til Safari Park Hotel. Eg måtte registrere mitt ugandiske sim-kort, og for å gjere det måtte eg ha kopi av pass og passfoto, Uganda har generelt mykje byråkrati og formaliteter for å få ting til.'

Etter ein enkel lunsj beståande av joghurt og diverse fiberprodukter var me klare for seminar. Me gjekk opp til St. Martin primary school, som husa skulegruppa til CHRISC Kampala (dei har og ein Community group, som er åpen for eldre spelarar). På vegen møtte me mange ungar, og det som gjekk igjen var ”Bye Mzungu”! Kvifor dei sa ”bye” og ikkje ”hi” går utover min fatteevne. Me fekk eit klasserom og skulle inn og forberede oss, det var ein halvtime til det skulle begynne. Til vår store øverraskelse hadde samtlige deltakarar allereie møtt opp, og me fekk klarsignal til å begynne. Ikkje som me hadde forventa i forhold til ”Africa time” (det er visstnok vanleg at ein er litt eller mykje forsinka til avtaler), men TIA (This Is Africa, uforutsette ting vil skje)! Ida holdt eit bra seminar om leadership, med eit par ”Icebreakers” innimellom, som ”Kapere do this” (Kongen befaler) og ”Mingle mingle”. Me hadde og blindebukk, der ein hadde bind for augene og måtte leiast av ein som måtte forklare terrenget.
Heilt normalt i Kampala

Tilbake på hotellet var me klare for å gå ut og ete, men det var plutselig blitt ustabilt ver, med tordendrønn og dråpar. Me tok sjansen på å gå, og kom oss fram til ”Pavement” uten å bli gjennomvåte. Vel framme kom uveret, og me blei underhaldt av naturkrefter (lynblits, torden og regn) medan me venta på maten. Eg og Sondre fekk relativt små porsjonar (i forhold til behovet), og sjølv etter dessert var me fortsatt ikkje mette. Men me gjekk attende til hotellet, det var blitt opphald og mørkt. ”Fortauet” i Kampala bærer preg av ekstremregn og manglande kumlokk, og plutselig tråkka Sondre rett oppi eit kumhol! Heldigvis ingenting alvorlig, men noko irriterande var det nok!

Tirsdag, og ny seminardag. For første gong på heile turen var det ingenting me måtte opp å nå, og me sov frampå til 9-tida. Eg fekk ein skummel opplevelse i dusjen: I Afrika er det visstnok vanleg med elektrisk dusjhovud som varmer opp vatnet. Denne morgonen var det god futt i kokaren, og eg skrudde effekten ned til middels. Då gnistra det i dusjhovudet! Som elektrikar har eg respekt for 230 volt, spesielt når ein står og dusjar! Heldigvis gjekk det bra, men eg har høyrt historiar om folk som har blitt grilla i denne typen dusj før…

Me fekk frokost i form av pannekaker, loff, egg og banan. Etterpå gjekk eg og Sondre til minibanken og tok ut ein halv million kvar. Det koster å vere kar i Uganda! (Uganda-shilling er verdt ca. 0,25% av norske kroner…)

Me gjekk til St. Martin, og i dag var det Kamilla sin tur. Me var igjen heldige med veret, for akkurat når me var framme kom høljeveret. Ho holdt eit bra seminar om Nourichment (ernæring), ho har tross alt hatt om det eit år på lærarstudiet. Det var faktisk øverraskande kor mykje deltakarane kunne om emnet frå før, det var jo positivt! Dessverre besto pausematen av brus og boller, så deltakarane fekk beskjed om at dette ikkje burde bli kvardagskost, men forbeholdt når nordmenn kom på besøk for å holde seminar. Av andre ting hadde me ”I have a ball” (hermegås?), ”Hode, skulder, kne og tå” på norsk, og me lerte dei ”Thank you Lord for giving us food”. Me var heldige, og kom oss til hotellet i opphaldsver.

I Kampala regner det voldsomt ein halvtime, så er det opphold
Me gjekk ut til MishMash til middag. Til min og Sondres glede var det 2 for 1 – tilbud på Fish and Chips (mykje mat for lite penger)! I tillegg bestilte med tapas, for å ete oss mette, nå som det var tilbud. Medan Ida og Kamilla åt passelig av sine normale porsjonar, klarte eg og Sondre å trykka i oss det me blei servert. Me var egentlig mette etter fish and chips, men me har vendt oss til å ete opp det me får pga. dei fattige barna i Afrika. Me var ganske mette når me gjekk heim…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar